Smådyrklinikken

Poliklinikk

Vi har ein godt utstyrt klinikk der vi kan behandle dyr som treng hjelp med små og store problem. Vi kan også hjelpe med rettleiing og utføring av kloklipp, tannpuss, øyrerens og pelsklipp.

Indremedisin

Vi kan tilby diagnostisering og behandling av indremedisinske sjukdomar.

Kirurgi

Vi utfører ei rekke kirurgiske inngrep på klinikken. Vi gjer dei fleste bukinngrep. Vi opererer med gassanestesi.

Laboratorium

Klinikken har eit godt utstyrt laboratorium. Vi analyserer blodprøver, urinprøver og prøver frå øyrer, hud og hår, og kan då raskt få stadfesta mistanke om sjukdom. Dette gjer at ein kan kome raskt i gang med riktig behandling. Vi nyttar i tillegg eksterne laboratorium, både norske og utanlandske.

Røntgen og ultralyd

Røntgen blir brukt både for å stille diagnose på sjuke dyr og rutinemessig for å undersøke skjelettet i samband med avl. Vi tek HD- og AD-bilete. Vi har nytt digitalt røntgenapparat og framkallingsutstyr. Vi har også ultralydapparat og utfører drektighetsundersøking.

Tenner

Vi er opptatt av tannhelse og tannsjukdomar, og at det blir gjort nødvendige inngrep når ein finn sjukdom i munnhola. Det kan være vanskeleg å oppdage at hunden eller katten har vondt i tennene sine, og det er ofte først etter at ei vond tann er fjerna at ein ser at den gjorde vondt. Vi har moderne scaler som fjernar tannstein, og topp utstyr for å trekke tenner. Vi har tannrøntgenapparat.

Hunde- og kattemat

Vi har eit godt utval av hunde- og kattemat frå Hills. Vi fører Science Plan, Prescription Diet og Vet Essentials.

Kontakt oss!

For spørsmål og timebestilling, kontakt oss alle kvardager på telefon 41 61 31 61!